Gå til innhold
korsskygge-scaled-aspect-ratio-192-68
korsskygge-scaled-aspect-ratio-1-1

Ordo Crucis’ historie

Fra Ordo Crucis' historie tar vi her med et lite klipp fra kirkehistorikeren Hallgeir Elstads artikkel om vår 80 årige historie skrevet til jubileet i 2013. Hele artikkelen finnes i Nytt norsk kirkeblads temanummer om Ordo Crucis, nummer 8-2013.

Lat meg nemne nokre sentrale punkt der Ordo har gjeve viktige impulsar til kyrkjelivet. Eitt punkt gjeld den kyrkjelege aktivismen. Vi vil vere kyrkjelege aktivistar, heiter det i Regula. Som fellesskap har Ordo medverka til den kyrkjelege aktivismen som voks fram etter andre verdskrigen med ei rekkje kyrkjelege nytiltak. Her er nemnt forlaget Land og Kirke, men det finst langt fleire tiltak der Ordo-medlemmar har vore med. Det medlemmane fekk gjennom deltaking i Ordo-fellesskapet, har dei medverka til å føre vidare i kyrkjelydane og den samanhengen elles dei stod i. Eit sentralt fokus heilt frå starten var vekta på nattverdfellesskap og nattverdpraksis – og at dette også måtte gjelde for kyrkjelydane der ein verka.

Det finst i det minste eitt direkte resultat av Ordos verksemd, nemleg bibelleseplanen. Fokuset på å lese ein tekst kvar dag etter ein bestemt plan var med frå byrjinga, og ut frå dette vart bibelleseplanen utvikla. Denne vart etter kvart overteken av Andaktsbokselskapet.

Prestesamlingar og tekstgjennomgangar har vorte vanleg innanfor Den norske kyrkja. Ordo var her først ute, med gudstenester kvar veke og fellesskap etterpå med drøfting av sundagsteksten. Ein skal òg merke seg at Ordo tidleg tok i bruk retreat-omgrepet. Sjølv om ein snart tok til å nytte nemninga ”helgedagar” om dei årlege samlingane, har refleksjon, meditasjon og stille vore viktige element i desse. Dette var lenge før den seinare ”retrat-bølgja” slo inn over kyrkjelivet. Det vil vere rimeleg å tenkje seg at Ordo kan ha øvd påverknad her, utan at det er lett å spore direkte sambandslinjer.

”En kjærlighetserklæring til Den norske kirke”.

I samband med 50-års jubileet i 1983 hadde Kirke og Kultur eit temanummer som var vigd Ordo Crucis. Redaktøren, professor Inge Lønning, som sjølv var medlem av Ordo, og som vi minnest i takksemd, skreiv i forordet mellom anna dette:

«Ikke et ideologisk eller kirkepolitisk manifest, men en kjærlighetserklæring til Den norske kirke er grunnlaget for korsets orden. Blant alle de erklæringar til og om og fra kirken som til stadighet har svirreet gjennom luften i de siste femti år, tør det være et særsyn. Sine egne drømmebilder av kirken, kirken som ideal, kan alle elske. Det koster ingenting. Men Den norske kirke i sin faktiske skikkelse, med hele sitt historiske mangfold og alle sine iøynefallende skjønnhetspletter og rynker -? (…) Vi er vant til å fortelle hverandre at kirken trenger kritikk, at den trenger reformer, at den trenger bevisstgjøring. Det er så sant som det er sagt, altsammen. Men først og sist trenger den – ikkje minst gjelder det det furete og værbitte stykke kirkelig virkelighet som heter Den norske kirke – kjærlighet.”

I dag er det brødre med fra andre kirkesamfunn enn Den norske kirke og Inge Lønnings ord om kjærlighet til kirkevirkeligheten gjelder like mye til deres kirker.

Det er skrevet bøker og artikler om Ordo Crucis. Noen av disse publiseres her.

Nedlatingsikon
Kåre Eide: Ordo Crucis 50 år.

En historisk revy. Ordo Crucis, 1983.

Nedlatingsikon
Ove Hestvold: Ordo Crucis 1933-2003.

Om ordenens opprinnelse, målsetting og påvirkninger i kirke og samfunn. Kirke og Kultur, Årgang 2003, Nr 04 (pages 365-374)

Nedlatingsikon
Nytt norsk kirkeblad

Temanummer om Ordo Crucis, nummer 8, årgang 2013

Priorer for Ordo Crucis

  • Hans N.H. Ording 1933 – 1950. 17 år.
  • Arne Fjellberg 1951 – 1956. 6 år.
  • Odd Godal 1957- Aug 1959. 3 1/2 år.
  • Arne Fjellberg Aug 1959 – 1960. 2 år.
  • Tord Godal 1961- 1962. 2 år.
  • Notto Normann Thelle 1963 – 1975. 13 år.
  • Gunnar Østenstad 1976 – 1984. 9 år.
  • Sverre Henning Smebye 1985 – 1993. 8 år.
  • Torgeir Jebsen Havgar 1994 – 1999. 6 år.
  • Geir Gundersen 2000 – 2001. 2 år.
  • Thor Christian Wagle 2002 – 2003. 2 år.
  • Christian Brodtkorb 2004-2007. 4 år.
  • Hallvard Beck 2008 – 2015. 8 år.
  • Arne Sand 2016 – 2021. 6 år
  • Trond Skard Dokka 2022 –